No møter Forsvaret den fjerde revolusjonen

Sverre Diesen har i årevis engasjert seg i forsking rundt nye teknologiar og globale trendar. I ein fersk FFI-rapport seier den tidlegare generalen og forsvarssjefen at vi allereie er inne i ein ny forsvarsteknologisk epoke. Han meiner han vil gi endringar like store som dei dampmaskina og atomkrafta førte til. (Foto Anders Fehn, FFI).

Digitaliseringa blir kalla den fjerde industrielle revolusjonen. Det betyr mykje også for forsvarssektoren, seier Sverre Diesen. I ein ny rapport peikar han på dei spesielle utfordringane Forsvaret vil møte.

Diesen (74) tør vere kjent av dei fleste som Noregs forsvarssjef, i perioden 2005 til 2009. I dag er han sjefsforskar ved FFI. Arbeidsfeltet hans er hovudsakleg framtidsstudiar til støtte for Forsvarets langtidsplanlegging.

I den nye FFI-rapporten greier han ut om ei krigføring som i stadig større grad blir prega av digitalisering. For Forsvarets del omfattar utviklinga til dømes kommunikasjon, sensorteknologi, dronar og andre autonome system, presisjonsstyrte våpen og bruk av cyberdomenet.

– Forsvaret er i ein ny røyndom, til liks med resten av samfunnet. Dette må sektoren ta innover seg, seier han.

FFI-RAPPORT ?

Fra teknologi til strategi og operasjoner – hvordan må vi tenke rundt militær-teknologisk fornyelse?

Sverre Diesen

Les mer

Last ned

Korleis tenke?

Med den ferske FFI-rapporten sin ønsker Diesen å få fram eit viktig poeng:

– Det er ikkje mogleg å etablere lovmessige samanhengar mellom bestemde nye teknologiar og kva endringar dei fører til i militære styrkars organisering, utrusting og operasjonskonsept. Det kjem først og fremst av at den måten vi fører krig på ikkje berre er avhengig av teknologi. Det handlar også om konteksten krigen blir utkjempa innanfor. Kva er dei politiske, sosiale og fysiske føresetnadene? Vi kan til dømes sjå for oss ein asymmetrisk krig mellom høgteknologiske konvensjonelle styrkar og ei opprørsrørsle. Der er teknologien nærast irrelevant. Det er fordi den politiske og sosiale konteksten er ein heilt annan enn i ein konvensjonell krig mellom to industriland.

Diesen er også oppteken av kva effekt teknologien vil ha på militære operasjonar.

– Svaret blir påverka av om begge partar i ein krig tek i bruk ny og potensielt revolusjonerande teknologi samstundes, eller om bruken er reservert for den eine av partane. I sistnemnde tilfelle kan teknologien syne seg avgjerande for utfallet. I det førstnemnde kan karakteren til krigen endrast dramatisk, utan at nokon av partane oppnår ein avgjerande fordel. Begge siders bruk av dronar i Ukraina er eit godt døme.

Hypotesar er hypotesar

Mange lurar på dei operative effektane av ny teknologi på slagmarka.

– Sjølvsagt kan det lagast hypotesar om dette. Problemet er at slike hypotesar sjeldan vil la seg etterprøve. Grunnen er at årsakssamanhengen – kausaliteten – bak forløpet ikkje lét seg etablere.

Diesen brukar eit døme frå krigen i Ukraina:

– Ta ein kolonne med brennande russiske stridsvogner treft av dronar. Tyder hendinga på at stridsvognas epoke er over? Eller kom av katastrofen at avdelinga blei brukt på ein taktisk dum måte? Hadde avdelingssjefen forsømt å treffa dei relativt enkle mottiltaka som kunne ha nøytralisert dronane? All tilsynelatande erfaring frå alle krigar treng med andre ord ikkje vere verken rett eller slavisk overførbar til alle annan krig.

Kostnader versus verknad

Forutbestemte samanhengar mellom særskilde teknologiar og endringar i operativ åtferd let seg altså ikkje etablere, meiner Diesen. Difor er han oppteken av at vi i staden må resonnere rett.

– Vi blir stilte overfor spørsmålet om korleis vi skal tilpasse oss teknologiutviklinga. Representerer ny teknologi ein trussel mot dei etablerte systema og måtane å operere på? Då må vi tenke annleis enn om teknologien i første rekke representerer noko det er mogleg å gjere. Spesielt trusseldrivne endringar vil ofte krevje ei vanskeleg avveging. Den går mellom å auke vernet av ei verdifull våpenplattform, kontra å erstatte den med noko anna. Essensen i denne avveginga er sjølvsagt ikkje plattforma i seg sjølv: Det handlar om den kapabiliteten den har. Kva er kostnaden ved å sette plattforma i stand til å overleve? Vil den kostnaden vere høgare enn den opphavlege operative verdien plattforma hadde?

Sverre Diesen understrekar at dette er døme på svært vanskelege vurderingar.

– Nettopp slike vurderingar er av den typen som digitaliseringsrevolusjonen vil påføre det norske forsvaret. Vi vil i stigande omfang møte dei i åra framover, trur Diesen.

Den fjerde endringa

Han tek eit historisk sveip.

– Sidan industrialiseringa byrja har vi hatt tre teknologiske revolusjonar. Dei kan knytast til dampmaskina, forbrenningsmotoren og atomreaktoren. Dei handla alle om nye former for energiutnytting. Dei nye teknologiane førte til drastisk omforming av militære styrkar. Det skjedde ved at dei påverka mobilitet, vern og våpenverknader. Kvar av dei førte til at det oppstod våpensystem og våpenplattformer som tidlegare ikkje hadde eksistert, som dampdrivne marinefartøy, flymaskiner og atomvåpen.

Digitaliseringa, sett som den fjerde av desse revolusjonane, vil ikkje få mindre følgjer, meiner Diesen.

– Den har ikkje gitt like mange nye system og plattformer som dei førre teknologiske gjennombrota, utover at cyberdomenet har oppstått som eit nytt krigføringsdomene. Den fjerde industrielle revolusjonen er i militær samanheng først og fremst eit gjennombrot for «enabler-teknologi». Det vil seie ein teknologi som gir ein multiplikatoreffekt. Den forbetrar ytingane til dei fleste eksisterande system radikalt, seier Diesen.

Må tenke smartare

– Kva følgjer har denne utviklinga for Noreg?

– Teknologisk innovasjon er svært krevjande for små land som vårt. Vi har eit lite forsvar. Det gir ei avgrensing i det å drive eiga eksperimentering og troppeforsøk med ny teknologi. Men ved å vere tidleg ute og tolke teknologiutviklinga rett kan vi kompensere for noko av det å vere talmessig underlegen.

Kommande satsingar

Diesen seier i rapporten at vi allereie kan trekke ein del sikre konklusjonar om kva som vil skje framover. Nokre heilt openberre satsingsområde for det norske forsvaret i framtida er etter FFI-forskarens meining desse:

  • Ein sterkt forbetra sensorkapasitet i alle domene, inkludert dei virtuelle, og samstundes ei evne til å sameine informasjonen frå desse sensorane.
  • Ei forbetra evne til avstandslevert og synkronisert presisjonsengasjement i fleire domene.
  • Ei sterk satsing på autonome system som berarar av både sensorar og våpen.
  • tvikling av ein nettverksorganisert struktur.

Erfaringslova

– Forsvaret vil også måtte utvikle eit samla operasjonskonsept som utnyttar det som teknologien gjer mogleg. Det er ei historisk erfaringslov: Militære organisasjonar som berre brukar teknologiske framsteg til å bli litt betre til å operere på same måte som før, dei utnyttar ikkje potensialet. Dei som haustar heile gevinsten er dei som ser teknologien i samanheng med det som no kan la seg gjere konseptuelt: Dei går sigrande ut. I dag føreset dette å skape ein saumlaus overgang mellom plattformene og systema til dei ulike forsvarsgreinene, og knytte dei saman. Greinene må ikkje berre kunna operere felles. Dei må i større grad knytast saman i nettverk, både kommunikasjonsmessig og organisatorisk, avsluttar Sverre Diesen.

Denne nettsiden benytter cookies. Ved å fortsette, godtar du vår bruk av cookies.  Les mer