Norsk kraftforsyning kan bli truga

Kraftforsyning er i utgangspunktet sårbar. Her frå det skadde kraftverket ved Braskereidfoss under uveret «Hans» i august 2023. Mannskap frå Vinger heimevernområde hjelpte politiet med vakthald. Foto Helene Sofie Thorkildsen/Forsvaret

Det norske kraftsystemet er påliteleg. Press og åtak kan endre situasjonen. Ein ny FFI-rapport ser nærare på kva ulike tilsikta handlingar kan føre til. Framtidsbildet «Bakpå» er det mest trugande.

Kor trygg er norsk energiforsyning? Den geografiske nærleiken vår til Russland er ein faktor ingen kan sjå bort frå. Den inngår er eitt av fleire framtidsbilde i FFIs nye rapport. I «Tilsiktede handlinger som kan true norsk kraftforsyning – en scenariobasert tilnærming» tek forskarane for seg ei rekke ting som kan truge energiforsyninga.

Mange slags handlingar

Funna i rapporten syner at ein bør ta høgd for ulike aktørar og moglege grep dei kan ta. Det kan dreie seg om datakriminalitet, eller typar av ekstremisme frå politisk motiverte ikkje-statlege aktørar. Vidare kan trugsmåla vere samansette truslar i form av maktposisjonering. Dei kan vere sabotasje eller tvangsdiplomati frå framandstatlege aktørar. Væpna åtak er sin eigen kategori

FFI-RAPPORT 2023

Tilsiktede handlinger som kan true norsk kraftforsyning – en scenariobasert tilnærming

Stig Rune Sellevåg

Les mer

Last ned

Norsk energi viktig for andre

Forskingsleiar Stig Rune Sellevåg ved FFIs avdeling Totalforsvar summerer opp bakgrunnen for rapporten slik:

– Noreg vil forbli ein viktig energinasjon for Europa, også innafor fornybar energi. Det norsk-tyske samarbeidet om energi er eit godt døme. Det norske kraftsystemet vil difor spele ei stadig viktigare rolle i tida framover. Dette skjer i ei tid der Russland fører ein brutal utmattingskrig mot Ukraina. Også forholdet mellom USA og Kina avgjer graden av stormaktsrivalisering og konfrontasjon.

Rapporten har eit anna dokument i mente: Forsvarskommisjonens rapport av 2021. Den peikar på at norske kraftinstallasjonar «strekkjer seg over store område som er krevjande å verne og overvake», og at heile verdikjeda for kraftforsyning vil vere utsett.

Fire framtidsbilde

Forskarane har formulert uvissa rundt norsk energitryggleik i fire framtidsbilete: «På kjende stiar», «Klimaspranget», «Spreiing i laget» og «Bakpå».

Innbakt i rapporten er omsynet til klimaet.

– Store samfunnsendringar vil vere naudsynte for at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Om ei omfattande energiomstilling vil føre til at samfunnet går i retning av «Klimaspranget» eller «Spreiing i laget» vil vere avhengig av fleire ting. Mellom anna i kva grad Noreg lykkast med slike omfattande samfunnsendringar, på måtar som gjer at tilliten i samfunnet blir halden oppe, seier Sellevåg.

20230607_SE_A1588.jpg
Nord-Gudbrandsdal HV-område øver på å sikre kritisk infrastruktur på Vågåmo i Gudbrandsdalen sommaren 2023. Foto: Øyvind Strand Endal/Forsvaret

Bakpå» er farleg

Sellevåg.jpg
– Vi må ta høgd for realistiske verstefallsscenario innafor kraftforsyninga, seier forskingsleiar Stig Rune Sellevåg ved FFI.

Rapporten peikar på at avgrensa energiomstilling, kombinert med svekt tillit i samfunnet, står fram som den farlegaste utviklingsretninga.

– Det er den varianten vi kallar «Bakpå». Den er farleg fordi auka politisk polarisering og auka konflikt i samfunnet kan gjere Noreg meir sårbart overfor tilsikta handlingar. Klimaendringar og følgene av dei kan forsterke dette trugsmålet, påpeikar forskaren.

Breidde må til

Så kva strategi vil fungere best? FFI-rapporten inneheld ingen fasit.

– Vi veit likevel at det bør veljast strategiar som fungerer godt over eit breitt spektrum av moglege utfall. I eit slikt perspektiv bør alle dei som på ulike vis skal verje norsk kraftforsyning ta høgd for realistiske verstefallsscenario over heile spekteret av konfliktar. Slike scenario må òg inkludere krig, seier Sellevåg.

Skadevare, økofascisme, droneåtak

Rapporten har døme på kva som kan falle innafor dei ulike kategoriane:

DATAKRIMINALITET. Slik kriminalitet kan vere datatjuveri av kraftsensitiv informasjon, bruk av løysepengevirus, tenestenektåtak eller ulike former for skadevare.

EKSTREMISME. Døme på scenario som kan falle innanfor ekstremisme og som kan vere relevante for norsk kraftforsyning, er klimaaktivistar eller klimamotstandarar som bruker antidemokratiske verkemiddel, økofascisme eller ekstreme miljøvernarar som ønskjer å fjerne industrisamfunnet

SAMANSETTE TRUGSMÅL. Samansette trugsmål frå framandstatlege aktørar kan vere maktposisjonering i form av utanlandske direkteinvesteringar i norske kraftselskap. Det kan også vere bruk av informasjonsmanipulasjon og innblanding, for å oppnå auka politisk polarisering knytt til kraftutbygging. Det kan vere bruk av fordekt tvang gjennom bruk av datanettverksåtak som slettar data (wiperåtak) mot norske kraft- og nettselskap. Eller det kan vere å øve press på forsyningskjeder for kritiske komponentar til kraftsystemet.

SABOTASJE. Sabotasje kan skje gjennom bruk av offensive cyberoperasjonar mot operasjonell teknologi, eller fysisk øydelegging av komponentar i kraftsystemet.

TVANGSDIPLOMATI. kan vere i form av økonomisk maktbruk og diplomatisk press mot Noreg som råkar kraftforsyninga.

VÆPNA ÅTAK. Døme på eit scenario for væpna åtak frå framandstatlege aktørar kan vere missil- og droneangrep mot kraftsystemet, som ein del av eit avgrensa militært angrep eller eit strategisk overfall på Noreg.

– Eg vil likevel understreke at dette arbeidet ikkje vurderer risikoen for slike scenario. Denne studien viser berre at slike kategoriar av tilsikta handlingar kan vere moglege, understrekar Stig Rune Sellevåg.

Av Lars Aarønæs

Denne nettsiden benytter cookies. Ved å fortsette, godtar du vår bruk av cookies.  Les mer