Det er på tide med ein norsk definisjon på omgrepet «trygg og god bustad». Ei operasjonalisering må komme frå forskarstanden sjølv, utan påverknad frå styresmaktene. Og bustadforskarane må lytte til dei som veit kor skoen trykkjer, skriver Anne-Rita Andal i denne artikkelen.

Den norske bustadpolitikkens fremste mantra sidan andre verdskrigen er at alle skal bu trygt og godt. Men hva betyr dette eigentleg, spør vår medarbeidar Anne-Rita Andal i denne artikkelen, som sto fyrst på trykk i Tidsskrift for boligforskning i juni 2022. 

Alle treng ein trygg heim, og alle skal bu trygt og godt. Den norske bustadpolitikkens fremste mantra sidan andre verdskrigen kling godt, og er enkel å einast om på båe sider av den politiske aksa. Den tidlause floskelen har også gitt namn til regjeringas bustadsosiale strategi, og du skal ikkje leite lenge for å finne det same målet på kommunenivå. Strand kommunes bustadsosiale strategi er at alle skal bu triveleg, trygt og godt. Sjølv om Strand moglegvis er aleine om å implementere trivsel som ein budstadsosial parameter, er kommunen elles i godt selskap.

Men kva betyr eigentleg dette som offentlege styresmakter på kommunalt og statleg nivå gir uttrykk for å navigere etter?

Ikkje så veldig mykje, viser det seg.

Leieboerforeningen er representert i ei rekkje råd og utval innan det bustadsosiale feltet. Som foreininga sin representant i brukarrådet i Velferdsetaten i Oslo, får eg gode utgreiingar frå etatsleiinga, og innsikt i ei spanande bustadsosial satsing som eg vonar vil føre til betre tilhøve for bustadlause og vanskelegstilte leigebuarar i kommunale og private utleigebustadar. Då brukarrådet nyleg fekk ei utgreiing om byrådets føringar for det inneverande året, vart vi nok ein gong presenterte for det overordna målet om at alle skal bu trygt og godt i Oslo. I byen med flest vanskelegstilte, høgast bustadprisar og lågast dekningsgrad på kommunale bustadar har Velferdsetaten fått i oppdrag å hjelpe til med å oppfylle hovudmål 2 av 9 om at «flere bor trygt i eget hjem og lever selvstendige liv». Etatens tildelingsbrev refererer til strategiar som Oslostandard for booppfølging og Oslostandard for bumiljøarbeid i kommunale bustadar, samt oppfølging av bustadbehovsplanen og fleire kommunale utleigebustadar. Oslostandardane er gode verktøy, men dei er veileiande, og dei stiller ikkje krav til bydelane. Og verken Velferdsetaten eller byrådet kan fortelje meg kva det betyr å bu trygt og godt.

«Alle trenger et trygt hjem» er eit anna døme. Både her og i tidlegare nasjonale strategiar for den bustadsosiale politikken finn du mantraet på fyrste side – og no også i tittelen. Ei rekkje mål og tiltak er lista opp, og fleire av desse er gode. Eg har spesielt sansen for hovudmål 2 om at leige skal være eit trygt alternativ, og hovudmål 3 om sosial berekraft i bustadpolitikken. Men slik som også sosial berekraft har blitt eit nærast meiningstomt omgrep, klarar heller ikkje «Alle trenger et trygt hjem» å slå fast kva ein trygg heim faktisk er, på tross av både mål og tiltak for å oppnå denne trygge heimen. Strategien sveipar innom dei obligatoriske berekraftsmåla, og FN sitt mål om overkommelege buutgifter blir òg nemnde. Les du godt nok, finn du nokre indikatorar på dårlege butilhøve her og der, slik som den negative effekten av hyppige flyttingar, og at dårlege butilhøve kan føre til helseproblem, svake skuleresultat og lav arbeidstilknyting seinare i livet. Men heller ikkje Moder Noreg kan fortelje meg kva ein trygg og god bustad er.

Ein kjapp telefon til nokre av mine forskar-kjenningar stadfestar mistanken – ingen veit eigentleg kva dette omgrepet inneber. Vi har nok alle ei aning om innhaldet, anten fordi vi har erfart det å bu trygt og godt, eller fordi vi har erfart det motsette. Men definisjonen fins ikkje, og det er kanskje like greitt. For ein vesentleg del av den norske bustadpolitikken hadde neppe bestått testen dersom omgrepet var operasjonalisert. FN-konvensjonen for økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheiter vart ratifisert av Noreg i 1972 og inkorporert i menneskerettigheitslova i 1999 (Utanriksdepartementet, 2022). Konvensjonens føremål er at medlemslanda skal sørgje for at innbyggjarane har tilgang til mellom anna vatn, utdanning og bustad. Konvensjonen går ved motstrid framfor norsk lovgjeving. Hos FN finn vi også noko som liknar på ei operasjonalisering av omgrepet «retten til bustad». FN slår mellom anna fast at retten til ein adekvat bustad inneber retten til sjølv å velje kor du vil bu (prøv å slå i bordet med den når du avslår den kommunale bustaden du har fått tildelt) overkommeleg avstand til arbeidsplassen (var det nokon som sa at det ikkje var ein menneskerett å bu i Oslo?) overkommelege bukostnadar (tal frå 2017 viser at på Tøyen lever 65 % av bornefamiliane i vedvarande fattigdom. Desse familiane bur neppe i burettslag) butryggleik for leigebuarar (i Leieboerforeningens siste medlemsundersøkelse svarte 50 % at dei hadde opplevd bekymring i samband med at kontrakten gjekk ut på dato, og 9 % opplyste at dei flytta ut av den førre leigebustaden sin fordi dei ikkje fekk fornya leigekontrakten. Likevel har vi ein husleigelov som gir utleigar moglegheit til å setje ei minstetid til tre år, noko mange nyttar seg av)

Det er på tide med ein norsk definisjon på omgrepet «trygg og god bustad». Ei operasjonalisering må komme frå forskarstanden sjølv, utan påverknad frå styresmaktene. Og bustadforskarane må lytte til dei som veit kor skoen trykkjer.

Alternativet er å endre norsk bustadpolitikk. Det er eigentleg ei ganske enkel løysing – alt som må gjerast, er å fjerne dei tre siste orda – frå at alle skal bu trygt og godt til at alle skal bu. Med den gledelege nedgangen i talet på bustadlause vi heldigvis har sett dei siste åra, vil ei slik endring bety at vi alle snart kan gå heim frå jobb i trygg visse om at målet er nådd.

Denne artikkelen er skrive av Anne-Rita Andal, og sto fyrst på trykk i Tidsskrift for boligforskning i juni 2022. Tidsskriftet finn du her.