Bær og sopp ved skytefelt kan innehalde tungmetall

Ida Vaa Johnsen på feltarbeid i området ved den nedlagte militærleiren Skarsteindalen på Andøya. (Foto: FFI)

Ein ny FFI-rapport syner at bær og sopp på skytefelt kan innehalde for høge nivå av tungmetall. Faren for dyr og menneske er likevel liten.

FFI-forskarane Ida Vaa Johnsen og Jorunn Aaneby har reist rundt til fem norske skytefelt. Arbeidet har resultert i rapporten «Biotilgjengelighet og risikovurdering av metall i jord – en samling av casestudier»

FFI-RAPPORT 2024

Biotilgjengelighet og risikovurdering av metaller i jord – en samling av casestudier

Ida Vaa Johnsen, Jorunn Aaneby

Les mer

Last ned

Både nord og sør

Dei har undersøkt slike felt fleire stader i Noreg: Steinsjøen skytefelt i Østre Toten kommune i Innlandet, Nyborgmoen i Nesseby kommune i Finnmark, Ulven i Bjørnafjorden kommune i Vestland, Vaterholmen i Verdal i Trøndelag, Vikesdalmoen i Bjerkreim kommune i Rogaland og Terningmoen i Elverum kommune i Innlandet.

Planteprøver henta dei frå Steinsjøen. Tidlegare har forskarane også henta planteprøver frå Melbu skytefelt i Hadsel kommune i Nordland, Leksdal skytefelt i Stjørdal kommune i Trøndelag og Hengsvann skytefelt mellom Notodden og Kongsberg.

–  Innsamla prøver frå større område inneheldt ikkje konsentrasjonar av bly over grenseverdiane i dyrefôr, fortel forskarane, som har arbeidd på oppdrag for Forsvarsbygg.

Oversteig EU-verdiar

På Steinsjøen skytefelt undersøkte dei konsentrasjonane i planter, bær og sopp.

–  Alle bærprøvene som blei henta her i 2021, bortsett frå éin, hadde blykonsentrasjonar som oversteig EUs grenseverdi for bly i bær. Eit lite inntak av bær plukka på område ureina av bly vil likevel ikkje vere skadeleg, fastslår dei.

Sopp tek opp mykje bly

en hånd med blå hanske holder en sopp
Steinsjøen og Skarsteindalen er to av stadene der forskarane sanka sopp. (Foto: FFI)

Det er markert skilnad på metallopptak i bær og sopp:

–  All soppen vi analyserte hadde blykonsentrasjonar som oversteig EUs grenseverdi for bly i sopp. Konsentrasjonen av bly i sopp var om lag hundre gonger høgare enn konsentrasjonen i bær, seier Johnsen.

Låg risiko for beitedyr

I rapporten peikar forskarane på at planteprøver kan vere betre eigna enn jordprøver for å gjere risikovurderingar for beitande dyr på skytefelt.

–  Likevel vil det i dei fleste tilfelle vere liten risiko for metallforgifting av beitedyr der.

Ny studie i gang

Metallkonsentrasjonen i sopp og bær bør undersøkast vidare.

– Eit spørsmål er om ein skal vurdere å be folk unngå å plukke sopp og bær på Forsvarets skyte- og øvingsfelt. Inneheld eit slik felt mykje sopp bør det bli teke omsyn til det i ei eventuell risikovurdering, heiter det i den nye rapporten.

På bakgrunn av data som er funne for bly i sopp og bær, fortel Johnsen at ho no er i gang med ein ny studie der ho mellom anna ser på opptak i bær og sopp på fleire ureina skytebanar. Her tek ho også planteprøver.

Gamle felt, full oppløysing

Mange skytefelt er gamle. Dei er blitt brukte gjennom årtider. Alle kan lett finne kuler og hylser om dei grev litt i jorda på ein skytebane. På kva måte går dette tilbake til naturen? Biotilgjengelegheit av bly – den raude tråden i denne rapporten – refererer til mengda bly i jord eller andre omgjevnader som kan takast opp av planter, dyr og menneske.

– Det handlar om korrosjon av bly. Det er i prinsippet same prosess som når stålet i ein gammal bil eller sykkel rustar. Metall som blir løyst opp endar som ionar eller molekyl. Dette er så smått at det er usynleg. Blyet kan då i hovudsak ta tre vegar: Det kan halde fram med å vere løyst i vatn, det kan binde seg til jord på området eller det kan takast opp i planter, seier Johnsen.

– Så det vil ikkje søkke ned og bli utilgjengeleg?

– Grunnen til at slike metall ikkje rører seg noko særleg loddrett er at om dei skal røre på seg, så vil det vere med vasstraumen. Mange norske skytefelt ligg på myr. Fordi myra er vassmetta går straumen berre på overflata.

Slik kan metallet lettare bli tatt opp av ulike organismar. Først planter og sopp, i neste omgang dyr – og så kanskje oss menneske. Blyforgifting kan gi mange vage symptom, slik som å påverke nervesystem, kognitiv utvikling, fertiliteten og blodcellene, i tillegg til å skade nyrene. For foster er bly spesielt skadeleg. Blyforgifting er nesten alltid kronisk, helseeffektar etter berre ei einskild eksponering er høgst uvanleg.

Likevel er faren liten. Tidlegare kartleggingar i skytefelt synte at sjølv sau som beita på dei mest forureina områda ikkje fekk i seg så mykje at det oversteig grenseverdiane.

Sanka sauemøkk

Å vere forskar i dette faget inneber konsentrert laboratoriejobb, men også mykje utetid. På feltarbeid har Ida Vaa Johnsen samla både mange slags vekstar og ikkje minst sauemøkk. Ho er sivilingeniør i uorganisk analytisk miljøkjemi. Sidan 2012 har ho arbeidd med skytefelt og utslepp frå våpen og ammunisjon.

Sjekka meitemarken

Ein del av den nye undersøkinga var studiet av meitemark: Kva gjer denne skapningen når den møter metallforureina jord?

–  Dette gjorde vi for å finne ut om meitemarken vil ha uforureina jord framfor jord ureina med metall. Testen blei utført på laboratoriet vårt. Resultata tydde på at marken ikkje hadde nokon tydeleg preferanse for verken forureina eller rein jord. Datagrunnlaget vårt er likevel for lite til å kunne seie dette sikkert, seier FFI-forskarane.

Denne nettsiden benytter cookies. Ved å fortsette, godtar du vår bruk av cookies.  Les mer