Dei kjem til Noreg for å bli hacka

Jammetesten går føre seg på Bleik på Andøya fordi staden er omgitt høge fjell som minimerer signalutbreiinga, i tillegg til at det er liten flytrafikk å forstyrre.  Foto: David Jensen

Denne veka samlar 200 deltakarar frå heile verda seg på Andøya. Her skal dei utsette sin eigen teknologi for hacking. Målet er å gjere oss alle tryggare.

Blant deltakarane under samlinga er bil- og helikopterprodusentar, telekommunikasjonsfirma og søk- og redningstenester.

– Satellittbaserte tenester er ein uunnverleg del av kvardagen for dei fleste av oss, seier Steinar Thomsen, avdelingsdirektør ved Norsk Romsenter. 

Det er mange kvardagslege døme på dette: robotgrasklipparen, pulsklokka, appar på telefonen og navigasjonssystemet i bilen. Kritiske samfunnsfunksjonar som transport, redningsteneste, elektronisk kommunikasjon, finansielle tenester og kraftforsyning er også  avhengigeav at satellittane leverer korrekt posisjon og tid.

Forsker Anders Rødningsby står med refleksvest inne i en brakke, foran en PC skjerm. Utenfor vinduet ser vi fjellene på Andøya.
Det er FFI som står for sjølve jamminga av GPS-systema. Her er FFI-forsker Anders Rødningsby i aksjon. Foto: David Jensen

Desse tenestene er i stor grad baserte på signal frå globale satellittnavigasjonssystem (GNSS). Mest kjent er amerikanske GPS (Global Positioning System) og europeiske Galileo. Den siste blir i tillegg til å fastslå nøyaktig posisjon, også nytta til å gi nøyaktig tid.

– Difor er det er avgjerande å ha gode prosedyrar og løysingar på plass, dersom signala skulle bli manipulerte. Det skal jammetesten bidra til, seier Thomsen.

Om jammetesten

Jammetesten på Andøya er den største opne arenaen i verda der industri, brukarar og styresmakter kan delta i jamming og spoofingtestar under verkelege forhold, og i samarbeid med forsvarsstyresmakter.

Her får industri frå heile verda høve til å testa systema sine, for å finne ut meir om kva som er sårbart i teknologien dei nyttar, eller som kan svekke han. Slik at dei kan lære og bygge endå meir robuste system.

Jammetesten går føre seg på Bleik på Andøya fordi staden er omgitt høge fjell som minimerer signalutbreiinga, i tillegg til at det er liten flytrafikk å forstyrre. 

Arrangørane bak Jammetest er Statens vegvesen, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Forsvarets forskingsinstitutt, Justervesenet, Norsk romsenter og Testnor.

Fleire avanserte satellittforstyrringar  

Sidan 2022 har det vore ei mangedobling av innmeldte GPS-bortfall over Aust-Finnmark, ifølgje Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Støyangrep og signalforstyrringar mot satellittbaserte system er ofte refererte til som jamming og elektronisk krigføring. Jamming er forstyrringar eller blokkering av mellom anna radio- og GPS-signal. Såkalla spoofing er utsending av falske signal for å lure mottakaren som tek imot signala.  

Viktig for samfunnstryggleiken  

Det er Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) som står for sjølve jamminga av GPS-systema under testane på Andøya. Trygve Sparr er forskingsdirektør for sensor og overvakingssystem ved FFI. Han ser stor nytte av å dele kunnskap og å samarbeide med sivil industri. 

– Elektronisk krigføring blir stadig meir avansert. Det rammar også sivil sektor. For å auke motstandskrafta i samfunnet er vi avhengige av at industrien får teste om teknologien dei utviklar er robust, seier Sparr. 

På Andøya får industrien direkte tilbakemeldingar om korleis utstyret toler støyangrep og narring under reelle forhold. Erfaringane tek FFI med tilbake til Forsvaret.

– At offentlege styresmakter, industri og Forsvaret samarbeider på denne måten gjer jammetesten på Andøya til eit unikt arrangement, også i eit internasjonalt perspektiv. 

Rammer sivilsamfunnet

Kven som helst kan få tak i billig jammeutstyr på nettet, sjølv om det er ulovleg å både kjøpe og bruke. Ein jammer kan til dømes brukast til å slå ut elektroniske køyredagbøker, som brukar GPS-sporing. Men konsekvensen kan vere at mange andre i området rundt også mistar satellittsignalet. Det finst døme på at redningshelikopter ikkje kunne lande på grunn av signalforstyrringar, og at heile flyplassar har blitt slått ut av små jammerar.

– Vi i Statens vegvesen ønskjer å ta i bruk ny teknologi som er til nytte for trafikantane, men vi må også ha kontroll på  i teknologien. Statens vegvesen har teke initiativ til å få på plass jammetesten som ein kjærkommen arena for styresmakter, industri og akademia til å teste og utveksle kunnskap og samarbeide om løysingar, seier sjefsingeniør Tomas Levin.

 – Tett synkronisering av 5G-basestasjonar gjer det mogleg å utnytte radiofrekvensar effektivt, men gjer 5G også sårbar for klokkefeil. Også tillitstenester som Bank-ID, som gir folk tilgang til ei rekke viktige tenester, bygger på ei felles semje om kva klokka er, seier Harald Hauglin, Noregs ‘tidssjef’ og forskar innanfor tid og frekvens ved Justervesenet.

foto David Jensen (2).jpg
Foto: David Jensen

Denne nettsiden benytter cookies. Ved å fortsette, godtar du vår bruk av cookies.  Les mer