Norsk pustehjelp mot dødsskred

Safeback er namnet på eit nyutvikla pusteutstyr. Den norske oppfinninga kan berge livet til menneske som blir tekne av snøskred. FFI er med på utviklinga.

Det er både kaldt og brutalt å bli tatt av skred. Likevel er det svært få som frys i hel dersom dei blir liggande under snøen. Heller ikkje fysiske skadar er den viktigaste dødsårsaka. Faktum er at tre av fire dødsfall skuldast at personen blir kvelt. Dei kunne ha blitt berga dersom dei hadde pustehjelp.

Foto: Tor Berge/Safeback

Vi er i Kirkenes. Bak eit skrivebord midt i ei snøfonn sit ein innpakka person. Han ser ut som ei krysning mellom ein arktisk høvding og Frank Zappa.

Foto: Tor Berge/Safeback

Foto: Tor Berge/Safeback

Dette lett absurde oppsettet skuldast det som ligg skjult for fotografen, nede i snøen: Ei menneskedokke. Dokka har ein sekk med Safeback-utstyr på seg.

Mannen i den solide klesmunduren er André Mjølhus. Han som ligg i snøen er Tor Berge. Saman med seg har dei sjefsforskar Svein Martini ved FFI.

Mennene er i felt for å finne ut meir om korleis Safeback fungerer, før produktet blir lansert.

Meir enn nok luft

Det fulle namnet er Safeback SBX. Det er eit lite, lett apparat med to skulderbøylar. Bøylane er innhole. Dei fungerer som røyr. Gjennom dei blir det transportert luft frå ein boks og opp til begge skuldrene. Systemet vil presse ut luft frå opningane i røyra.

Denne lufta vil trekke gjennom snøen og fram til nase og munn. Eit handtak startar mekanismen. Kvar kjem oksygenet frå? Direkte frå snøen som finst på ryggsida til skredofferet. Der er det som regel meir enn nok luft til å halde liv i ein person – lenge.

Produktfremstilling av safeback
Produktillustrasjon. Foto: Safeback.

Ideen er enkel. Men den må fungere like godt i praksis som i teorien. Difor denne turen til Kirkenes, som er ein av mange testarenaer for å sjekke ulike snøtypar.

Toppturglede gav ideen

André og Tor er to toppturglade ingeniørstudentar som fann ei felles interesse då dei møttest i Bergen i 2016. Saman med tredjemann Sigmund Andreassen byrja dei å diskutere korleis alpinistar og friluftsfolk kunne sikre seg endå betre dersom dei blei tekne av snøen.

For ulukkene skjer altfor ofte: Statistikken syner at rundt hundre menneske set livet til i snøskred kvart år. Mange er frikøyrarar. Somme av dei er nordmenn. Obduksjon av ofra syner at 75 prosent døyr fordi dei pustar inn si eiga, stadig meir CO2-metta luft. Leitemannskapet rekk ikkje å finne dei før alt oksygenet er borte frå lufta dei har å puste i. Det kan ta mindre enn eit kvarter å miste livet på denne måten.

Nesten teken av skred

– Oppfinninga vår kan sikre luft i 90 minutt. Det vil utgjere skilnaden på liv og død for svært mange, konstaterer Tor Berge, som i dag er dagleg leiar i det nystarta firmaet Safeback.

Berge er i målgruppa sjølv. Han er nesten blitt teken av skred.

– Eg har hatt dei rullande rundt meg, fortel han.

Han og fleire turkameratar gjekk ei høgrute mellom Chamonix i Frankrike og Zermatt i Sveits. Chamonix ligg ved foten av Mont Blanc og blir rekna som ekstremsportens hovudstad i Europa. Terrenget rundt er både bratt og utfordrande.

– På turen lausna fleire fonner. Då handlar det om å vere på vakt: køyre, stoppe, køyre og alltid halde god avstand til dei andre.

– Somme vil seie at det beste var om all frikøyring tok slutt, og at alpinistane heldt seg til vanlige skibakkar?

– Men verda er ikkje slik. Dette er ein sport som tiltrekker seg mange. I dag er dei fleste også godt budde på det som kan skje, med betre utstyr enn nokon gong. Spade, søkestang, radiopeileutstyr og ballongsekk er standard. Safeback kan gjere turen endå tryggare, seier Berge.

Kan trygge soldatar

Omsynet til dristige skituristar er underordna for FFI og Forsvaret. Dei interesserer seg for produktet av andre årsaker.

– Både soldatar og redningsfolk er somme tider nøydde til å ferdast i terreng med stor skredfare, seier Svein Martini ved FFI.

– Difor er det viktig at vi kan utstyre dei slik at risikoen blir mindre.

Foto: Tor Berge/Safeback

Dokka i snøen i Kirkenes er graven ned i ein stor snøhaug laga ved hjelp av ein hjullastar frå Forsvaret.

Foto: Tor Berge/Safeback

Dokka får tilførsel av CO2 ut av munnen. Ulike måleinstrument hjelper forskarane å studere korleis Safeback SBX-systemet faktisk oppfører seg i den tettpakka snøen.

Foto: Tor Berge/Safeback

Termometeret har krope ned til under 20 minusgrader. Det gir ideelle forhold for å finne ut korleis kald og tørr snø påverkar oppfinninga.

Foto: Tor Berge/Safeback

Dei har vore ute i timevis. Forskingsøktene har vart frå tidleg morgon til langt inn i nordlysnatta.

Det er laga fleire prototypar, som er blitt testa i praksis ved Forsvarets vinterskole. Forskarane leitar etter mange svar. Kva er skilnaden på våt og tørr snø? Er det noko som endrar seg ved tilførsel av varme? Kor mykje CO2 kan systemet vaske vekk per minutt? 

Safeback AS har søkt og fått løyvd pengar frå Forsvarsdepartementet. FFIs rolle er å administrere utviklingskontrakten. Instituttet støttar opp mot dei aktuelle fagmiljøa i Forsvaret, til dømes vinterskolen.

Snart i sal

Tanken er at militære både i Noreg og andre land kan få nytte av utstyret. I frikøyringskrinsar er Safebacks nye produkt allereie godt kjent. Tor Berge lanserte konseptet under den nordiske skredkonferansen – ja, det er noko som heiter det – på Voss i 2019.

– Interessa er stor, og vil vonleg vekse når vi er i produksjon, seier han.

– Kva vil ei slik ekstra rastrygging koste?

– Vi ser for oss ein utsalspris på rundt 7000-8000 kroner for Safeback SBX-systemet, integrert i sekk.

– Kjøparane må vere sikre på at utstyret fungerer når uhellet er ute?

– Testane våre syner at det gjer det. Snø er porøs. Sjølv i eit stort snøskred med tettpakka snø kan Safeback-systemet levere frisk luft til nasen og munnen din så sant dei er innafor 25 centimeter frå næraste utløp på ei av skuldrene dine, forsikrar Tor Berge.

Skrevet av LARS AARØNÆS, forskningsjournalistPUBLISERT 11. MARS 2022

Denne nettsiden benytter cookies. Ved å fortsette, godtar du vår bruk av cookies.  Les mer