FFI fann uventa store mengder ammunisjon i Mjøsa

Haleroret til Sidewinder-missil. Rundt tusen slike finst på eit avgrensa område i Mjøsa, alle blei skotne ut frå land sør for Skreia. (Foto NTNU)

Kva skjuler seg på botnen av Mjøsa? Mellom anna kan FFI no påvise langt større mengder dumpa ammunisjon enn ein tidlegare har trudd. I tillegg er eit område av botnen dekt av rundt tusen Sidewinder-missil.

I ei årrekkje prøveskaut Raufoss fabrikker luft-til-luft-missilet Sidewinder frå Fjellhaug, eit stykke sør for Skreia på Toten. Utskytingsstaden ligg på ei bratt skråning rett ved fylkesveg 33. Her suste dei om lag tre meter lange rakettane av garde i retning Stange, på hi sida av Mjøsa.

Dei landa i vatnet fire til seks kilometer frå utskytingsrampen. Vengene på missila gjorde at så å seie alle sokk loddrett ned i mudderbotnen, på 3-400 meters djup. Her står dei framleis, tett i tett og godt synlege på bilda som FFIs undervassfarkost Hugin fanga under sitt lange tokt på denne delen av Mjøsa i fjor haust.

Liten miljørisiko

– Sjølv om vi langt i frå er ferdige med arbeidet vårt, er vi rimeleg trygge på at desse missila berre utgjer ein liten miljørisiko. Det er truleg ikkje sprengstoff i dei. I praksis er dette ei stor samling tomme aluminiumsrøyr.

Det seier sjefsforskar Petter Lågstad ved Forsvarets forskingsinstitutt. Torsdag 4. mai deltok han påNTNUs Ocean Week-arrangement på Gjøvik. Her var han for å fortelje om det ein til no veit etter det omfattande undervasstoktet ved Toten og sør for Helgøya i fjor.

Saman med arkeolog Øyvind Ødegård ved Vitenskapsmuseet har FFI-forskarane funne mykje ein tidlegare ikkje har visst om – mellom anna ein ti meter lang, klinkbygd trebåt som ligg midt i dumpefeltet. Farkosten har samla internasjonal interesse: Stammar den heilt frå medelalderen?

Ammunisjonskasse på botnen av Mjøsa, fotografert med NTNUs undervassdrone. Foto NTNU.

Dumping frå ferja

Kartlegginga så langt syner også at dumpinga av ammunisjon har vore langt meir omfattande enn det ein har visst. Områda som er granska på kryss og tvers ligg langs Mjøsas vestside. Frå Gjøvik og sørover forbi Skreia er det fleire kjente dumpeområde. Her ligg ammunisjonsrestar både frå Raufoss Ammunisjonsfabrikk og Forsvaret.

Ein har dumpa ammunisjon i stort sett heile Totenvika. Det same gjeld den gamle ferjestrekninga mellom Gjøvik og Mengshol. Her ligg det ei løype av dumpa ammunisjon. Det som skjedde, var at kasser med likt og ulikt frå Raufoss blei kasta over bord medan ferja var i vanlig rute – og med sivile trafikantar på same dekk.

30 tonn på ein dag

I Totenvika hadde fabrikken eigne båtar for dumping av ammunisjon. Også her er det funne løyper av dumpa materiell. FFIs gransking har konsentrert seg om det som er djupare enn femti meter. Men forskarane har grunn til å tru at det også finst ammunisjon nærare land.

– Det er blitt sagt at det er dumpa ein stad rundt 100 til 200 tonn totalt, hovudsakleg ammunisjon til handvåpen, seier sjefsforskar Arnt Johnsen ved FFI.

– Samstundes har vi opplysningar som tilseier at det kanskje kan vere ti til tjue gonger så mykje. Vi har kjelder som seier at det kunne bli dumpa 30 tonn på ein dag. Denne trafikken gjekk i mange år, og funna våre bygger opp under at mengda er langt over det som er blitt sagt.

Ein har ikkje har funne konkret dokumentasjon på type ammunisjon, mengde og dumpeplass.

Ammunisjonen kan til dømes innehalde miljøskadeleg kvikksølv, bly og kopar. Johnsen understrekar likevel at desse stoffa vil lekke ut sakte i ferskvann, som følgje av lav korrosjon. Dumpa ammunisjon langs Norskekysten vil derfor utgjøre ein større miljørisiko, sidan ammunisjonen allereie er i ferd med å bli broten ned. 

– Det viktigaste er nok ikkje å få dette opp, men å overvake situasjonen, seier han.

Ikkje bomber

Like etter at undersøkingane blei avslutta i fjor, offentleggjorde NTNU og FFI videobilde som ein frykta synte udetonerte bomber frå krigen.

– Vi er no heilt sikre på at dette ikkje stemmer. Bilda viser halepartiet til Sidewinder– missilet, seier Petter Lågstad.

– Missilet blei lansert i USA i 1956, og produsert på Raufoss i ei årrekkje frå starten av 1960– talet Dette var eit våpen laga for fly som F-96D/K Sabre,  Starfighter og også F-16.

Han reknar med at FFI-rapporten om dumpinga i Mjøsa er klar i løpet av hausten.

portrett av forskerne
Sjefsforskarane Petter Lågstad (til venstre) og Arnt Johnsen ved FFI kan no fortelje meir om det ein har funne i dumpefelta i Mjøsa etter toktet i fjor haust. Det kan mellom anna dreie seg om fleire tusen tonn ammunisjon. (Foto FFI)

Denne nettsiden benytter cookies. Ved å fortsette, godtar du vår bruk av cookies.  Les mer