Tor Bukkvoll forklarar krigen så folk forstår

Verda sett frå Russland: På kontorveggen sin har Tor Bukkvoll hengt opp eit stort og fargerikt russisk verdskart, der landets fylke er klårt markert. Foto: FFI

Få nordmenn kjenner russarane og ukrainarane betre enn Tor frå Røros. «Bukkvoll» og «Ukraina» er blitt eit fast ordpar i norske medier. I 2022 formidla FFI-forskaren utan stans kunnskap om krigen.

Sjølv påstår han at han no skal bli litt mindre ja-menneske. Vi får sjå. Mange trur nok at den sindige mannen frå bergstaden blir å høyre like ofte i år som i fjor.

Vi møter Tor Bukkvoll på kontoret hans på Kjeller. Akkurat denne tysdagen er ikkje så travel, seier han.

– I dag skal eg berre på Dagsnytt 18.

Han smiler. NRKs daglege debattprogram er grei skuring for 56-åringen. Skal han derimot på sending i TV 2 eller Dagsrevyen, då må han i sminken. All førebuinga før sending kostar han fort to-tre timar. Dagsnytt 18 krev mindre tid, med ei sendeflate som samstundes gir han meir rom til å resonnere.

– Journalistar spør mest om det eg kan svare minst på: Korleis det kjem til å gå. Eg er ingen spåmann. Svarar du på spørsmål om framtida er du også nøydd til å ta feil. Like eins som mine ukrainske vener, like før krigsutbrotet torsdag 24. februar. Min beste ven i Kyiv drog på skiferie i Austerrike berre nokre dagar før Putins invasjon. Han trudde ikkje at noko slikt ville skje.

Sjefsforskar Tor Bukkvoll

Fødd på Røros 30. mars 1966, busett i Oslo sidan 1986.

Gift, to barn.

Sjefsforskar ved Strategiske analyser og fellessystemer, Forsvarets forskingsinstitutt.

Har forska på ei rekke russiske og ukrainske tema, mellom anna Spetsnaz, gasskrisa mellom landa i 2006, russisk militærteori og teknologi, Georgia-krigen og korrupsjon. 

Førstegongsteneste på Skjold.

Hadde sin første jobb ved Fafo, der han studerte levekår i Baltikum.

Har i tre år undervist komande offiserar ved Krigsskolen om internasjonal politikk.

Tilsett ved FFI sidan 1996.

Mest sitert

I året som gjekk blei Tor Bukkvoll sitert fleire gonger enn alle andre FFI-forskarar til saman. I desember fekk han instituttets utmerking «Årets forskingsformidlar».

Juryen uttalte: «Om målgruppa er barn eller vaksne, statsminister eller forsvarssjef: Han tilpassar formidlinga. Han står fram med integritet, er kunnskapsrik og inngir tillit.»

Tillit er det ingen mangel på.

– Eg må vel innrømme at det var litt spesielt å bli sitert på førstesida i New York Times i haust. Samstundes er det jobben min å bringe kunnskap frå FFI ut til publikum.

Publikum, det er for Bukkvoll folk av alle lag. Frå nokre millionar amerikanske avislesarar, regjeringas tryggingsutval og forsvarsleiinga, til lokale Rotary-klubbar og mange andre som spør han om å kome og dele av innsiktene sine. I fjor heldt han om lag 80 små og store foredrag om Russland og Ukraina.

Tor Bukkvoll står sammen med to menn i uniform som forklarer ham noe
Tor Bukkvoll i diskusjon med medlemmer av Dnipro-1 bataljonen i 2016. (Foto: privat)

Ledig studiostil

Kva er det som gjer statsvitaren frå Universitetet i Oslo så attraktiv? Det eine er den store kunnskapen han har om begge land. Det andre er stilen.

– Eg har alltid vore betre munnleg enn skriftleg. På skolen på Røros var det somme som gav meg ros etter at eg hadde halde presentasjonar. Eg likar å snakke. På fjernsyn og i radio legg eg vekt på at det skal likne mest mogleg på ein god samtale. Utfordringa ved å delta i mediene er pedagogisk, sjeldan fagleg. Samstundes må eg passe på at det er litt adrenalin i miksen. Ein kollega her ved FFIs Russlands-miljø ga meg ei tilbakemelding ein gong: No var eg litt for avslappa på fjernsynet. Dette var ikkje godt nok prestert, meinte han. Han hadde rett, eg var for nedpå.

Eit godt Bukkvoll-råd er å lese programleiaranes kroppsspråk:

– Du ser det på dei når tida er i ferd med å renne ut. Då gjeld det å ikkje vere midt i eit innfløkt postulat. Kom heller med ei grei sistesetning.

Hybel i Moskva

Første gong han var i Russland var i 1988, medan landet enno var kjernen i Sovjetunionen. Eit år seinare var han ein tur i Ukraina. Samstundes hadde den då 22 år gamle studenten Tor flytta på hybelhus i Moskva.

Frå august 1989 til februar 1990 studerte han det som den tyske forfattaren Thomas Mann i boka «Trolldomsfjellet» omtalte som «det beinlause språket» russisk.

Studieopphaldet hans kom til å finne stad midt under murens fall.

– Likevel var samfunnet langt frå opent. Dette var framleis det gamle Sovjet. Eg hugsar kor spesielt det var å sjå avrettinga av Romanias diktatorpar Elena og Nicolae Ceaușescu på russisk fjernsyn, første juledag 1989. Det var tydeleg at sovjetregimet var i tvil: «Skal vi fordømme dette, eller skal vi ikkje?». Difor blei det heile sendt utan kommentar. På studentheimen min budde det også tyske studentar. I ei avdeling heldt dei austtyske til, i ei anna dei vesttyske. Dei hadde ikkje lov til å snakke saman. Desse restriksjonane gav ikkje lenger meining etter at muren hadde falt. Det blei etter kvart mykje kontakt, la eg merke til.

Rekke med fem menn som står og ser inn i kamera
Møte med Azov-bataljonen utanfor Mariupol i 2016. Heilt til høgre står Tor Bukkvolls forskarkollega Kristian Åtland, som også er del av Russlands-miljøet ved FFI. (Foto: privat)

Tetjanas eine student

Bukkvoll snåva også til å lære seg ukrainsk. Det handla om eit pussig samantreff på universitetet i Oslo.

– Eg valde meg Ukraina, mest for å ha eit anna tema innanfor statsvitskapen enn det mange av dei andre studentane hadde. Samstundes dukka Tetjana Nilsen opp. Ho var ein blakk, ukrainsk universitetslærar. Ho kom til Blindern. Ho lurte på om leiinga kunne tilby henne jobb. Det fanst litt pengar til eit emne i ukrainsk. Kurset blei utlyst. Interessa var kanskje ikkje så stor. I 1993 meldte det seg berre ein student ved slavisk-baltisk institutts Ukraina-tilbod: Det var meg. På denne måten lærte eg språket, om enn ikkje så godt som russisk. Ukrainsken min er meir hakkete.

Gav vener husrom

Krigen er langt frå akademisk for han. Ukraina er blitt eit land Bukkvoll har fått eit svært nært høve til. Berre nokre dagar etter krigsutbrotet i februar, var ein familie han kjenner godt midt oppi somme av dei verste krigshandlingane.

Det var i byen Butsja. Foreldra og to tenåringsdøtrer sat over ei veke i kjellaren sin. Butsja blei bomba svært hardt. Russiske soldatar stod for massakrar på tilfeldige sivile. Familien kom seg ut, men kom bort frå kvarandre. Faren og eldstedottera tok seg til Moldova. Mora og den yngste drog til Polen.

Bukkvoll kjøpte flybillettar til dei to i Moldova. Dei andre blei henta til Noreg av styresmaktene. I ti dagar budde dei alle hos Tor og kona. No bur familien i Vilnius i Litauen, der mora har fått arbeid ved universitetet.

Tor Bukkvoll tar imot et stykke kjøtt fra en mann
Tor Bukkvoll tek imot tradisjonell ukrainsk «salo», som er svinefeitt, i gåve under eit besøk hos lokaladministrasjonen i Kramatorsk i Donbas i 2016. (Foto: privat)

Hjartet bankar for Røros

La oss vende nordover att, til forskarens fødestad.

Geografisk ligg både Bukkhaugen og Bukkvollen ved Olavsgruva, 15 kilometer nordaust for Røros by. Området byr elles på namn som Glåmos og Orvos. Alt dette nemnt, berre for å understreke at intervjuobjektet både er heimalen og held godt på den lokale dialekten. Anten han er i NRK eller i snakkar til sine eigne i forsamlingshuset Storstuggu: Det er lett å høyre kvar han kjem frå.

– Eg seier vukku, ikkje veka, men eg knotar litt. Eg burde seie itj. Det blir fort «ikke», diverre. Det har likevel aldri falt meg inn å snakke anna enn dialekt.

Foreldra bur framleis på Røros. Faren dreiv ein liten einmannsverkstad for mopedar, motorsager og snøskuterar. Mora var rekneskapsansvarleg i det lokale busselskapet.

Brygg og bandy

Det finst bukkvollske dagar som ikkje er fulle av krig og problem. Då fyller han gjerne både sitt eige og veners glas med heimbrygga ipa. Eventuelt ein av dei mange andre ølsortane som den røynde heimebryggaren har lært seg å lage. Han ser ikkje bort frå at slike varer kan nytast etter nokre rundar innebandy på Møllergata skole. Her har han trena og spelt saman med sin faste køllegjeng i snart 30 år.

Krigsvesen og vegvesen

Kona Kristin og han bur på Grefsen i Oslo. Dottera og sonen er begge studentar, i høvesvis psykologi og jus.

Ekteparet Bukkvoll driv på kvar sitt vis folkeopplysning. Kristin er engelskrådgjevar i Statens vegvesen.

– Tenk på kor mange ikkjenorske som ferdast på norske vegar kvar dag. Dei må også bli orientert om det som skjer, understrekar husbonden.

Lægreids spådom

På kontoret hans på Kjeller ligg ein stor pose full av ukrainske og russiske bøker. Enno ikkje sortert, etter Bukkvolls studieopphald i Monterey i California. Der var han og familien midt under koronaepidemien.

På pulten ligg også hans snart ferdige bokmanus. Det handlar om Spetsnaz. Det er den militære eliteorganisasjonen som eksisterte i Sovjet sidan 1950-talet. 20-30 år seinare var trugsmålet frå Spetsnaz eit stort tema både i norske aviser og blant politikarane.

Venteleg får boka meir merksemd enn den første han skreiv: «Ukraine and European Security», utgitt i eit lite opplag av Chatham House Papers i 1998.

– Første gong eg sa noko offentleg om Ukraina var i 1994, då Leonid Kutsjma blei vald til landets president. NRKs Erling Lægreid sa etter intervjuet: «Om det ikkje blir krig i Ukraina, kjem nok ikkje du tilbake til dette studioet her». Det var mykje som snudde med den russiske annekteringa av Krym i 2014.

Bukkvoll med blomsterbukett og diplom for årets forskningsformidler sammen med kommunikasjonssjef Anne-Lise Hammer.
I året som gjekk blei Tor Bukkvoll sitert fleire gonger enn alle andre FFI-forskarar til saman. I desember fekk han instituttets utmerking «Årets forskingsformidlar». Her står han saman med instituttets kommunikasjonssjef Anne-Lise Hammer. Foto: FFI.

Militær forskingsvinkling

Russlands-miljøet ved FFI er langt frå så stort som mediedekninga kan gi inntrykk av. Det tel fire og ei halv stilling.

– Men det er jo langt betre enn tre og ei halv, slik det var inntil nylig! Eg vil eigentleg ta litt av æra for at miljøet har fått den militære vinklinga det har fått. Eg måtte gå nokre rundar med leiinga før eg fekk gjennom at vi skulle konsentrere oss nettopp om slike spørsmål. Vi som berre arbeider med opne kjelder, kan forklare og utdjupe mange sider ved det russiske militæret og statsleiinga som få andre kan. For vår del er det dessutan viktig at vi gjer oss nyttige for Forsvaret. Forskinga vår dannar bakgrunn for delar av den norske forsvarsplanlegginga.

Spørsmål utan svar

Kvar morgon brukar Tor Bukkvoll minst ein time på å gå gjennom medier frå inn- og utland, ha kontakt med andre forskarar og orientere seg om krigen via ukrainske kontaktar. I mindre grad er han i kontakt med dei russiske forskarmiljøa han kjenner. Det er mest for å unngå å sette desse menneska i knipe.

– Eg har mange spørsmål som eg framleis har dårlige svar på. Til dømes den russiske evna til regenerering. Kor gode er dei til å bygge opp att det dei har mista? Eg balar også med dette: I kor stor grad kan vi snakke om kollektiv skuld på russisk side? Det finst russarar som ikkje søker alternative kjelder, kjelder som kan fortelje noko anna om krigen enn propagandaen.

Det Putin burde ha høyrt

Tor Bukkvoll er nokså sikker på at Vladimir Putin ser seg sjølv i ein historisk kontekst.

– Han oppfattar seg som den som skal og må hindre at Ukraina blir del av Vesten.

– Om du kom på tomannshand med han no, kva hadde du sagt?

– Eg skulle vel heller ha møtt han på førehand. Då ville eg ha sagt: «Dette er ikkje så lett som du trur». Mange av dei som står nær han ville nok ha vore samde i det.

Det går eit drag over andletet til Bukkvoll.

– Vi er mange forskarar som no er svært opptekne av å formidle så god informasjon vi kan, om det som skjer i Ukraina. Samstundes er det mange kjensler oppi dette. Alle russlandsforskarar seier at denne krigen går innpå dei. Det gjeld meg også.

Denne nettsiden benytter cookies. Ved å fortsette, godtar du vår bruk av cookies.  Les mer