Leieboerforeningen har 4500 medlemmar over heile landet, men medlemmane våre er i liten grad aktive i foreninga. Dei fleste som melder seg inn i Leieboerforeningen, gjør det fordi dei treng juridisk bistand. Mange har nok eit mål om å bli bustadeigarar, og har fram til no vore lite interessert i leigebuarsaken. Men noko er i ferd med å endre seg, og i takt med at fleire medlemmar ønsker å være aktive i foreninga, tar vi grep for å styrke vårt medlemsdemokrati. I januar setter vi i gang med medlemsmøter, med mål om å finne ei form på møtene som gjer oss i stand til å komme i kontakt med medlemmar over heile landet.

Leieboerforeningen har 4500 medlemmar over heile landet, og hausten 2022 har vi i snitt fått seks nye medlemmar kvar dag. Men medlemmane våre er i liten grad aktive i foreninga, og dei fleste som melder seg inn, gjør det fordi dei treng juridisk bistand. Mange har nok eit mål om å bli bustadeigarar, og er lite interessert i leigebuarsaken. Slik har det i alle fall vore – og kanskje har heller ikkje Leieboerforeningen gjort nok for å skape grunnlag for at medlemmane skal kunne engasjere seg i foreninga.

Men dei siste åra har vi tatt grep for å styrke medlemsdemokratiet, og samstundes har vi sett at fleire og fleire interesserer seg for bustadpolitikk og leigebuarsaken. I pandemi-året 2021 arrangerte vi digitalt årsmøte, og ei av erfaringane var at denne forma opnar opp for at medlemmar utanfor Oslo kan delta på årsmøtene. Difor fortsatte vi med dette også i 2022.

Vi har også hatt fleire arrangement der medlemmane våre har blitt inviterte til å delta den siste tida. Mellom anna har vi arrangert paroleverkstad og 1. mai-frokost, debattar og seminar og bustadpolitisk demonstrasjon foran Stortinget. I oktober i år markerte vi den internasjonale leigebuardagen saman med aksjonsgruppene Reduser Husleia og Boligopprøret, og denne dagen fekk vi også mange nye medlemmar.

Utprøving av lokallagsmodell

I 2021 oppretta Leieboerforeningen eit lokallag for bebuarar i kommunale bustadar i Oslo. Lokallaget har blitt eit viktig talerør for bebuarar i kommunale bustadar, i tillegg til at lokallagets ansatte gir verdifull rådgjevning til sine medlemmar. LKL har om lag 100 medlemmar, og veks sakte, men sikkert. LKL har eit aktivt medlemsdemokrati med jamnlege medlemsmøter og ein årleg bebuarkonferanse der medlemmane sjølv er med på å forme konferansens innhald. LKL er formelt sett eit prøveprosjekt, men vi har allereie gode erfaringar, og reknar med at lokallaget blir permanent. Utprøving av lokallagsmodellen gjennom LKL opnar også for at vi kan starte opp fleire lokallag rundt om i Noreg dersom det er interesse for det, og dersom foreninga har ressursar til det.

Medlemsmøter i 2023

I slutten av januar set vi i gang med medlemsmøter der alle som har basis-, student- og standardmedlemskap blir inviterte. For å nå ut til flest mogleg av våre medlemmar, vil vi arrangere både fysiske og digitale medlemsmøter. Planen er å arrangere eit fysisk og eit digitalt medlemsmøte omtrent kvar sjette veke, og ordninga skal evaluerast til hausten. På dei fyrste medlemsmøta vil vi ha ein open agenda, der vi saman med medlemmane våre stakar ut vegen for korleis vi kan arrangere medlemsmøter som blir relevante for medlemmane, og samstundes styrke vårt medlemsdemokrati. Sjølv ønskar vi å snakke om tema som allmenne bustadar, kompetanseheving og kursing i husleigerett, arbeidet med ny husleigelov, lokallagsmodell og årsmøte, men vi vonar og trur at medlemmane våre vil komme med innspel til relevante tema.

Det fyrste fysiske medlemsmøtet blir onsdag 25. januar, og det fyrste digitale medlemsmøtet blir måndag 30. januar. Vi sender ut invitasjon per epost og i nyhetsbrev i januar.